Ørsta Kommune

Ørsta kommune er den største landkommunen i Møre og Romsdal med sine 805 Km2, og ein viktig industrikommune mellom anna innanfor jordbruk,
fiske og industri, som møbel, stål og nærigsmiddelindustri som dei viktigaste. Kommunen har og dei seinare åra vore sentral innenfor turisme
med mellom anna "the golden route" gjennom Norangsdalen og Hjørundfjorden. Ørsta kommune har omlag 10350 innbyggjarar, kor omlag 6500 bur i
sentrum. Resten er fordelt langs fleire mindre bygder på kvar side av Hjørundfjorden. Kommunen har ein variert og spanande natur med eit
uttal av tinder og topper som kan gje flotte opplevingar både når det gjeld vandring, klatring, på bre og på ski. Gode fiskemoglegheiter i
sjø, elv og vatn finn ein og.
Ørsta kommune er også tilhaldsted for Ivar Aasen senteret. Kommunen har gode tilbud innan utdanning, med mellom anna videregåande skule med
yrkesfaglige studieretningar og folkehøgskule.