Volda Kommune

Volda er ein skule og industrikommune med omlag 9000 innbyggjarar, kor omlag 6000 bur i Volda sentrum. I tillegg er det omlag 2000
tilreisande studentar ved den videregåande skulen og høgskulen i Volda.
Og det er kanskje innan utdanning og forskning Volda er mest kjend. Høgskulen i Volda er ei mellomstor høgskule med studietilbud som omfattar
mellom anna fleire bachelorstudier, 2-årige kandidatstudier, samt ei lang rekkje årsstudium og studieeiningar. Volda har og eit godt
tilbud i teoretisk utdanning innanfor den videregåande skulen, og eit aktivt forskingsmiljø tilknytt Møreforskning. Volda har og
fulkesjukehus, noko som bidrar til at utdanningsnivået i kommunen er rekna for å vere blant dei høgste i Møre og Romsdal.
Volda har og ein variert og spanande natur, og det ligg godt tilrette for forskjellige aktivitetar. I tillegg kjem et aktivt og
mangfoldig kulturtilbud med over 300 lag og organisasjonar.